Dei gode skal bli betre

Stavkyrkjeprogrammet til Riksantikvaren har eit budsjett på 100 mill. kroner frå stat og kommune, fordelt over ein tiårsperiode. Handverkaren, materialane, formidlinga og det lokale engasjementet er sentrale ressursar i innsatsen for å ta vare på Norges viktigaste bidrag til verdsarvkulturen.

 

Av Mathias Øvsteng


Alle stavkyrkjene er automatisk freda. Totalt har vi hatt opp mot 2000
stavkyrkjer. I dag er det 28 att, dei fleste finst i Sogn og indre delar av
Austlandet. Stavkyrkjene har fått namnet etter berestavane (stolpane), som står i kvart hjørne og ved andre viktige samanbindingspunkt. Stavane står anten på svillene, som er lagde på grunnstokkane, eller dei står direkte på grunnstokkane. Mellom stavane ligg toppsvill eller stavlægje (stavliggjar). I ramma mellom stavar, stavlægje og svill står veggplankane (tilet, veggkledningen). Fleire av stavkyrkjene er i dårleg stand, med alvorlege skader i konstruksjonen, noko som skriv seg frå setningar i fundamenta og råte i sviller og stavar. Naturleg nedbryting og mangel på vedlikehald er blant årsakene til forfallet. Når stavkyrkjeprogrammet er avslutta, skal grunnlaget vera lagt for at vidare ettersyn og vedlikehald skal skje på forsvarleg vis med gode rutinar og kunnskapsrike handverkarar.

Målet med stavkyrkjeprogrammet er tredelt:
– å setja i stand stavkyrkjene for ettertida
– å konservere dekor og kyrkjekunst
– å supplere dokumentasjonen av stavkyrkjene som grunnlag for forsking og rekonstruksjon av tapte delar.

Rådgjever Sjur Mehlum hos Riksantikvaren har ansvaret for stavkyrkjeprogrammet, og han legg vekt på overføring av kunnskap og kompetanse mellom handverkarane som er engasjerte. Dette gjeld både firma og enkeltmannsføretak. Stokk & Stein i Lom er det største firmaet som tar del i nettverket av handverkarar, eit anna er Nedre Jølster Bilelag. Hans Marumsrud frå Tinn i Telemark er eksempel på ein svært sentral enkelthandverkar i programmet. Han har bl.a. vore prosjektleiar for restaureringa av Eidsborg stavkyrkje i Tokke. Sjur Mehlum presiserer at stavkyrkjeprogrammet ikkje utdannar nye handverkarar, men har som viktig rettesnor å danne nettverk og vera katalysator for kunnskapsutveksling mellom erfarne handverkarar som er engasjerte i opplegget. Dette skjer bl.a. gjennom seminar, sist vinter i Trondheim der restaureringsarbeida i Nidarosdomen var eit sentralt studieobjekt. Handverkaren, materialane, formidlinga og lokalt engasjement er viktige element i stavkyrkjeprogrammet, og Riksantikvaren legg vekt på å byggje vidare på den kunnskapen som er opparbeidd innafor det tradisjonelle bygghandverket.

Foto 1: Mykje å ta fatt i – her er det ei sjøbu i Drammen som står for tur.
Foto 2: Hjelpa er under vegs for sjøbua!
Foto 3: Nytt i det gamle – viktige element i restaurering og rehabilitering.
Foto 4: Tre sentrale karar i Stokk & Stein: frå venstre Halvor Dalen, Ulf Ryen og Sverre Sørumgård.
– Sjølv om stavkyrkjene er i tre og Nidarosdomen i stein, var dette svært nyttig lærdom, seier dagleg leiar i Stokk & Stein Sverre Sørumgård, som strekar under at det er dei same problemstillingane og dei same prinsipp som går att, anten bygget er i tre eller stein. Stokk & Stein har rundt tjue handverkarar, og har opparbeidd spesialkompetanse bl.a. i restaurering av gamle bygg. Dei har undersøkt og skrivi tilstandsrapport på fleire stavkyrkjer, bl.a. i Lom og Ringebu. Elles er dei engasjerte i vedlikehaldsarbeid på fleire kyrkjer. Akkurat her kjem ein heilt særskild kompetanse inn i bildet når det gjeld akkurat dette firmaet ved foten av Jotunheimen: Fleire av handverkarane er framifrå fjellklatrarar…

Stokk & Stein tar mål av seg til å drive det dei kallar ”praktisk forsking” i ulike samanhengar. Med bakgrunn i miljøet rundt lafteutdanninga som forsvann i dragsuget etter Reform 94 i skuleverket, byggjer dei på kunnskap, entusiasme og vilje til stadig å bli betre på alle felt. Dei har som motto at ikkje noko oppdrag skal vera for lite – og heller ikkje for stort – innafor rimelege grenser. Dette gjeld både restaurering, rehabilitering og nybygg, og i bokstavleg forstand både med stokk og stein. Såleis kan oppgåvene femne om det meste frå restaurering av stavkyrkjer til rehabilitering av ei steinbu i 2230 meters høgde under toppen på Surtningssue (2368 moh) i Jotunheimen.

Sørumgård og kollegaene i Stokk & Stein opparbeider god kompetanse på nettopp utarbeiding av tilstandsrapportar for eldre hus – deriblant stavkyrkjer. Firmaet vil også kunne hjelpe til med råd og dåd når det gjeld kor ein skal vende seg for å søkje midlar til vedlikehald og restaurering, og dei arbeider også med å utvikle kompetanse for å utforme søknader for ulikeoppdragsgjevarar.

Eit spesielt prosjekt som Sverre Sørumgård tok initiativet til i samband med 850-årsjubileet for stavkyrkja i Lom sist sommar, var å gjennomføre reisinga av stavrekkjene samla i ramma. Dette vart gjort ved hjelp av både tvinning med tau og vindespel. Om dei ikkje beviste at det var slik dei tunge og massive stavkonstruksjonane vart utførte i si tid, beviste dei i alle fall at dette kunne vera metoden. Det er dokumentert at kilane som går opp i tappane på staven i kyrkjene, må vera slått inn før svilla kom på plass. Dette viser at stavane måtte vera festa til svilla før det heile vart kopla saman – med andre ord så godt som bevis på at dei gamle stavkyrkjereisarane laga ramma ferdig på bakken og så heisa alt på plass samla. Sverre Sørumgård fortel at den første inspirasjonen til dette eksperimentet kom etter samtale med Håkon Christie på 1990-talet. Kollega Edvin Espelund i Stokk & Stein, båtbyggjar og kulturberar Jon Bojer Godal, Anders Frøstrup i Timber as og Ola Storsletten frå NIKU har vore gode samarbeidspartnarar i stavreisingsprosjektet.