Frå undervisning til laftebedrift

Dette er historia om tradisjonsboren kunnskap som vart løfta ut frå undervisning til praktisk arbeid – frå kunnskap til kompetanse. Etter Reform ’94 vart påbyggingsåret VK2 borte frå tømrarfaget, og laftelina ved Lom vidaregåande skule i Gudbrandsdalen vart nedlagd. Det var da ressurspersonar snudde pessimisme til optimisme:Tømrarlærarane Sverre Sørumgård og Edvin Espelund gjekk saman med fire tidlegare elevar og etablerte bedrift.
Tekst Kulturarven / Norsk Kulturarv januar 2005 :Mathias Øvsteng.


Under prosessen vart det nok orda frampå om faren ved at dette skulle gå «over stokk og stein». Det gjekk troll i ord, og frå 1997 var laftefirmaet Stokk & Stein ein realitet ? eit namn som kanskje er betre enn grunnleggjarane verkeleg var klar over: Eitt av særtrekka ved firmaet er at dei dekkjer nær sagt alle sider av utfordringane ved konstruksjon og bygging, blant anna ved at fleire av dei er gode fjellklatrarar. Det er ikkje for ingenting dei er mykje etterspurte i samband med vanskelege utfordringar i samband med for eksempel vøling av kyrkjer, bygging av bruer og tilstandsrapportar av ulikt slag.

 



Laftebedrifta sysselset nå 24 personar – av desse er to i administrasjonen.


Mennene bak Stokk & Stein gjekk grundig til verks: Sverre Sørumgård og Edvin Espelund gjekk etablerarskule i regi av Oppland Bedriftsutvikling. Sverre, som er dagleg leiar i bedrifta, understrekar den gode hjelpa som låg i dette. Samtidig legg han vekt på at verdien også i eit slikt kurs i høg grad står og fell med dei som underviser. Han dreg særleg fram den gode rolla Knut Solbrekken i Oppland Bedriftsutvikling spelte i så måte.



Mange å velja mellom

Dei fire tidlegare elevane som vart med i stiftinga av Stokk & Stein, hadde sjølve starta si eiga verksemd etter at dei var ferdige på tømrarlina i Lom. Det var Harald Rune Øvstedal, Ulf Ryen, Halvor Dalen og Stig Brandal – som nå gjekk saman med sine to tidlegare lærarar i nytt firma. Med eitt unntak er alle med framleis.



Sverre Sørumgård ser attende på starten: – Vi hadde mange dugande tidlegare elevar å ta av. Når det vart desse fire, fortel det mykje om kvalitetane dei hadde. Og så kjende vi veldig godt til desse kvalitetane, seier han med eit lite god-smil overfor Harald Rune Øvstedal, som er ein av to med mesterbrev i firmaet i dag. Elles har alle etablerte handverkarar i Stokk & Stein svennebrev i tømrarfaget. Firmaet sysselset nå 24 personar – av desse er to i administrasjonen. Stokk & Stein har elles alltid vore aktive når det gjeld å ta inn lærlingar. Slik er dei med og sørgjer for den faglege kontinuiteten i tradisjonshandverket. Også på dette viset har dei løfta teorien opp i praktisk innsats for tradisjonshandverket.



Nøktern drift

Laftebedrifta har ikkje akkurat vore nokor gullgruve for grunnleggjarane når det gjeld privat uttak frå firmaet. Også lønnsnivået er moderat, og har hittil hatt ein særeigen profil: Alle har hatt lik lønn! – Ein suksessfaktor for oss har vel rett og slett vore at vi har vore så lite huga på pengar at vi ikkje har vorte freista til lettvinte løysingar, seier Sørumgård. – Slik meiner vi å ha opparbeidd oss ein seriøs fagprofil, som i det lange løp må til for å drive forsvarleg ? både fagleg og økonomisk. Bedrifta er oppbygt på gjensidig tillit, med stor grad av prosjektansvar for den enkelte. Sørumgård refererer til at den økonomiske situasjonen i bedrifta til tider har vore anstrengt nok, der det nok har skjedd at han har måtta ta den tunge vegen til banken for å ta opp stuttsiktige lån for å ha tilstrekkelege midlar til utlønning. Likevel har det aldri vore slik at bedrifta har mista det langsiktige perspektivet over økonomien. Slik har dei aldri stått til halsen i lån.

Trass stor aktivitet og mange tilsette er aksjekapitalen helst liten. Den nøkterne drifta kan summerast opp i ein einaste sum: Ei årsomsetning på 10 millionar. Etter lærebøkene burde dette beløpet ha vore mykje større for ei bedrift av denne storleiken. Men så er det berre det at Stokk & Stein ikkje er nokor heilt vanleg bedrift i så måte heller. Nøkternt lønnsnivå og rimeleg administrasjon er to av stikkorda for å forklare situasjonen. Vi skjønar likevel at bedrifta etter sju-åtte år nå har fått såpass økonomi at dei tør å begynne å tenkje på utbytte for aksjonærar og ein viss dynamikk i avlønningane…



Prestisjeoppdrag

Stokk & Stein fekk etter starten i 1997 fort god kontakt med marknaden, og har gjennom åra hatt fleire store oppdrag som har profilert bedrifta på ein god måte. Allbrukshus for Kistefos Træsliberi, eit tømmerbygg på 250 m 2, er eitt eksempel. Dette vart bygt alt første driftsåret. Kurs- og konferansesenteret Soria Moria III øvst i Holmenkollåsen er på heile 450 m 2 grunnflate, der matsalen aleine er 110 m 2  med vegglengder opp til 11 m utan delingsvegger! Ein laftekonstruksjon av slike dimensjonar byr på spesielle utfordringar. Tømmerstokkar i 11 meters lengde finst ikkje, og skøytinga skal helst ikkje synast etter den standarden Stokk & Stein har for arbeidet. Dessutan skal vegger på opp til 7 meters høgde avstivast og takkonstruksjonen halde mål. Å laga eit åstak med så langt spenn sterkt nok i denne dimensjonen er ikkje mogleg. Derfor er usynlege limtredragarar lurt inn i konstruksjonen.



Stokk & Stein stod også for tusenårsgava til Island frå den norske stat  etter modell av Holtålen stavkyrkje, som er å finne på Sverresborg  Trøndelag folkemuseum i Trondheim. Kyrkja vart innvigd på Heimaey, Vestmannaeyar ved olsok 2000 med bl.a. kong Harald til stades. Elles har Stokk & Stein bygd fleire bruer i tradisjonell stil, både i utleggs- og sprengverksteknikk. For tida er dei bl.a. i forhandling om føre opp ei utleggsbru i Røldal som del av dei gamle pilegrimsvegane. Dei er også i forhandling om oppføring av eit større, tømra gjestehus på Sunnmøre.



Andvord

Av dei største oppdraga Stokk & Stein har hatt ? og avgjort av dei mest interessante ? er rehabilitering og nybygg på den gamle garden Andvord i Lom. Arbeidet er inne i sluttfasen, og Andvord skal etter planen i løpet av inneverande år framstå som ein kurs- og konferansestad. Dette var i si tid ein stor gard, som er nemnd i skriftlege kjelder alt på 1300-talet – og som kanskje har røter attende til vikingtida. Gjennom hundreåra vart garden delt og skøytt på, slik vanen gjerne var.



Gjennom nesten tretti år var Andvord i kommunal eige –  Sørumgård kan ikkje få fullrost oppdragsgjevarane her: -Eigarane har høve til å investere for å få gjort alt skikkeleg ? og gjer det! Såleis kan vi gjennomføre eit totalarbeid der handverket er tatt i akt heile vegen, og ting gjort med pietet og fagleg ballast. Likevel har vi har lagt inn nye, tekniske ? og usynlege ? løysingar i grunnen og i berekonstruksjonar. Livskrafta i ein tradisjon er ikkje minst avhengig av at vi følgjer med i nyvinningar på ulike felt!



Det er ei total renovering og restaurering i 10-millonarsklassen som nå skjer her, der hovudhuset bokstavleg tala har fått ny grunn å stå på etter lange tider med siging på dårleg grunn og utvikling av råteskader. Dette huset består av to hus frå 1700- og 1800-tal som er bundne saman av ein midtgang. Begge er i tradisjonell akershusisk byggjestil, spegelvende i forhold til kvarandre slik at bygget framstår i ein praktfull heilskap. Andvord var tingstad i eit kvart tusenår, og i andre etasje her finn vi bl.a. tingsalen, som etter renoveringa framstår som ein moderne kurs- og konferansesal.



Stokk & Stein har også ført opp eit nytt sovehus i tømmer på eigedommen, stabbur er tatt ned og sett på ny gråsteinsmur. Det andre våningshuset er også restaurert. I det heile er dette ein entreprise som fortel alt om den typen bedrift Stokk & Stein representerer: Dei har hand om totaliteten ved restaureringa ? i tillegg til utearbeid med planering og muring skal dei til vårs også sørgje for gartnaroppgavene, naturlegvis i samarbeid med fagfolk på området. Som eitt eksempel på arbeidet som er utført på Andvord, kan nemnast at rundt 5 kubikkmeter masse vart bore ut i bøtter gjennom tronge kjellaropningar i samband med nedtaking og ny fundamentering av to klebersteinspeisar!



Nøkkelferdig


Stokk & Stein har gjennom åra har sett at oppgavene har dreia noko ? frå nybygg til vøling, og akkurat nå meir til nøkkelferdige nybygg. Denne marknaden er interessant for bedrifta, ikkje minst økonomisk og velferdsmessig. Det blir gjerne færre brakkedøgn når nybygg kan laftast og mykje arbeid elles kan utførast i eigen produksjonshall…



Sverre Sørumgård og hans samarbeidspartnarar er klar over at kabalen i denne bransjen ikkje er like lett å få til å gå opp. Utfordringa ligg i å balansere langsiktige perspektiv når det gjeld økonomi og faglege utfordringar. I dette bildet må kravet til fagleg kvalitet aldri vike ? uansett.



Det betyr å ha akkurat passeleg mengde oppdrag ? ikkje for få, og ikkje for mange. Vi har ei kjensle av at folka i Stokk & Stein er bra rusta for å ta desse utfordringane.