GD Andvord

Det er ikkje noko mål i seg sjølv at hovudbygningen på Andvord skal bli i vinkel og vater.  Målet er å føre bygningen attende til slik den var på 1840-talet.

 

 

Tekst og foto:  Elias Sperstad GD, 10/7 2004


– Å ja, det har nok gått med ein del skilling alt. Mykje av det som er gjort hittil,  synest ikkje. Det skal gjerast skikkeleg få grunnen av, slik at det kan stå ei stund. Og det er eg frykteleg glad for, at vi får drive på ein plass der eigaren er viljug til  å bruke ein del skilling på restaureringsarbeidet.



Ulf Ryen er bas for restaureringa på Andvord. Det er litt av ei oppgåve bedrifta  Stokk og Stein har teke på seg. Men dei viste kva dei gjekk til. Eit eldgammalt hus  som bokstaveleg talt stod på gyngande grunn. Bygningen var merka av tidas tann. Vassfull grunn og telehiv har stått og lea på huset sidan den fyrste delen var  opplafta i 1744. For i det heile å redde huset for ettertida var det å starte aldeles frå grunnen av. Grunnen er nå drenert, og ny mur støypt under huset. Den øvste – og synlege delen – er mura med gråstein. Ei tid kvilte tømmerbygningen  på 22 20 tonns jekkar. – Vi har jekka opp eine delen 40 centimeter. Det var så skakt,  at for at badekaret skulle vera slik omtrent vassrett, var beina fjerna i eine enden. Og dei som stod att var faktisk skola oppunder. Så skakt var det. Og skakt vil det bli. Men ikkje håplaust skakt, seier Ryen og viser oss eine soverommet i andre etasjen.



Det hellar merkbart. Det er ikkje mangt som er i lodd og vater i huset.  – Her er det å tilpasse kvar einaste fjøl. Vinkel og vater, nei, ein kan ikkje gå etter slikt her. Hovudhuset skal bli så likt det var på 1840-talet som mogleg. Inventaret, eit Skjåk-Ola skåp inkludert, skal inn att. Fargane innvendig skal bli som dei var. Det skal fargekonservatorar sørgje for. Nye glas er sett inn, prikk like dei eldste  glasa som sat i veggene. Den gamle tingsalen i andre etasjen skal bli sjølve møterommet  på Andvord. Golvet er forsterka med 11 jernbjelkar. Men dei synest sjølvsagt ikkje.


Plank for plank er golvborda og himlinga tatt ned, og festa på plass att. Akkurat som før. Forskjellen er at nå gyngar ikkje golvet lenger. Nytt tømmer, rundt 100 meter, er lafta  inn til erstatning for det som var rote. Dei to klebersteinspeisane i huset er tatt ned.  Og sett opp att. Restaureringa er total. Det er ikkje snakk om å fjaske frå seg.



– Det er eit kolossalt arbeid. Ei skikkeleg utfordring. Men du verda så artig.  Her er det alt frå grovt jord- og steinarbeid til møbelsnikring. Det er godt å vite  at det ikkje står på skilling frå eigaren si side, slik at det blir gjort ordentleg,  seier Ulf Ryen. Det er ikkje berre hovudhuset det blir gjort noko med på Andvord nå. Kårbustaden frå rundt 1890 blir restaurert, eit stabbur frå 1600-talet er flytta og  sett opp att på ny gråsteinsmur. Eit nytt tømra sovehus er snart under tak. Kostnadsramma for det som blir gjort, er 10 millionar kroner.



Planane for Andvord inneber  bygging av eit sovehus til. Det vil eventuelt bli i neste etappe. Arbeidet som nå pågår, skal vera avslutta rundt juletider. – Vi tek sikte på å ta i bruk eigedomen på vårparten,  seier Michel Andvord, som eig Andvord saman med Richard Andvord. Andvord er tufta på  historisk grunn. Mykje tyder på at garden ha røtter tilbake til Viking-tida, fortel  Michel Andvord. I ei grensesak i 1312 vart garden omtalt som ein storgard. Det må ha teke mange generasjonar å rydde jorda for å bli ein storgard.  Andvord er nemnt i mange andre skriftlege kjelder frå 1300-talet og fram til i dag. Blant anna omhandlar dokument flytting av ei kapellkyrkje på Andvord, som vart flytta til  Skjåk.



Andvord var også tingstad i om lag 250 år. I 1528 vart garden delt i to gardar, Sygard og Uppigard. Seinare vart Uppigard delt til å omfatte også Nordgard. Opp gjennom 1700-1800 vart Uppigard og Norgard seld ut av slekta, slik at Sygard er den einaste attverande garden frå det opphavlege odelsgodset. I 1974 kjøpte Lom kommune garden av Jenny Andvord. I 2003 kom Andvord tilbake til slekta, da Richard og Michel Andvord kjøpte den. Det vekte glede i bygda da dette vart kjent, og ikkje minst da dei nye eigarane bestemte å restaurere bygningane fullstendig og nytte eigedomen til kurs- og konferanser. Andvord vil framstå som eit levande «museum» til bruk i moderne tid.



www.andvordgard.no